Brutus

_____________________________________________________________________
Jan Vimme har mista sin kjære hund, Brutus, som 20. februar i år var hovudoppslag i Sykkylvsbladet, då Vimme og alle grønlandshundane hans tok barna i Vikedalen barnehage med på hundekøyring på fjellet. Vimme har mange tankar rundt det å miste «berre» ein hund, som mange seier.
Av Anette Talstad
Den rørande historia som følger, er fortalt med Jan Vimme sine eigne ord.
Ein god venn
Når ein mister eit kjæledyr, mister ein også ein venn, ein venn som alltid har møtt deg med forståing uansett kva humør du har vore i, ein venn som ikkje har brydd seg om kva du har sagt, kva du har på deg eller korleis du ser ut. En god venn som alltid stiller opp og som tek deg for den du er.
Sjefen på garden
Brutus vart berre åtte år, men han betydde mykje dei åra han levde. Han var den ubestridte sjefen på garden, han heldt ro i rekkene, ingen måtte fortelle han korleis ting skulle vere, han hadde full kontroll og visste alltid best. Vi forstod kvarandre så ufatteleg godt med ein gong. Vi fann kjemien tvert, og vi trengte berre å sende kvarandre eit blikk, så visste vi hva den andre meinte. Å ha ein hund som Brutus i spannet, har mykje å seie. Han heldt orden på resten av flokken, og sendte beskjeder frå meg vidare.
Født på Svalbard
Han blei født i en grønlandshund kennel på Svalbard 29. august 2001. Han vaks opp og blei etter kvart brukt til turistkøyring under ekstreme forhold. Frå 2003 til 2004 var han i Mushamna og levde eit fangstliv. Frå 2004 til 2005 levde han «livets glade dagar» i Longyerbyen saman to studentar. Han blei tatt inn til Noreg i 2005 og kom då til meg sommaren 2006. Han vart fort sjef i garden og fars beste godgutt.
Stort hjarte
Brutus var heilt fantastisk, han elska å få kos og elska å leike med ungar. Han var ein stolt og tydeleg hund som ikke ville slåss med nokon om han kunne sleppe. Han oppdro kvalper uansett kven det var, som sine eigne. Han hadde eit enormt stort og varmt hjarte. Men Brutus slapp ikkje kven som helst innpå seg, far kom alltid først. Eit blikk frå Brutus sa meir enn tusen ord.
Den siste sledeturen
Sist helg fekk eg for siste gong vere saman med Brutus på sledetur. Vi køyrde eit 12-spann som vanleg. Men denne dagen skulle vise seg å bli skjebnesvanger for Brutus, hans firbeinte vennar og meg sjølv. Vi var på tur heim frå fjellet, vi hadde brent bål og isfiska i herleg vêr. Omlag ein kilometer frå bilen gjekk det gale. I ein bratt nedoverbakke mista eg kontrollen over sleden og traff ei stor bjørk. Dette resulterte i at sleden bråstoppa og midtlina til hundeane, som er i 6 millimeter wire, rauk rett av. Ti hundar fortsatte heimover, for leiarhunden Raven leiar dei alltid tilbake til bilen. Men i smellen med treet så fekk Brutus eit så kraftig rykk i kroppen at magesekken dreide to dreiningar. Dette kallast magedreining, noko som ofte kan ende med døden.
Merka at noko var gale
Eg merka ingenting då eg lasta Brutus i bilen, men han kunne å bite i seg smerte. Han skulle ikkje vere til bry, han tok til takke med det han fekk. Søndag ettermiddag byrja eg å merke at noko var gale. Han virka slapp og uvanleg rolig, ikkje lik seg sjølv i det heile tatt. Han fekk vatn og kos, blei tatt inn for at eg skulle kunne følgje med han. Då han ikkje ville ha mat ana eg skikkeleg uråd. Eg kjente på kroppen, og magen var hard og det skvulpa skikkeleg. Magedreining slo meg tvert, men det er ganske uvanleg på hundar som ikkje har spesielt djupt bryst.
Magedreining
Eg konsulterte med tre dyrlegar om saken, og alle var einige. Avliving var beste alternativ. Men så ringte veterinæren Nick på Stranda og lurte på om han kunne få sjå på Brutus for å vere hundre prosent sikker. Han og fruen, som begge to er veterinærar, tok han inn. Brutus sin tilstand var då så svekka at det innebar ein risiko berre å setje narkose. Brutus tolte ikkje narkosen og døde på bordet. Nick åpna han for å sjekke, og det stemte at det var magedreining.
– Vil for alltid følgje meg
Brutus etterlot seg fem kvalpar som alle er hos meg endå, å ingen kjem nokon gong til å bli selde. Brutus betydde noko spesielt for meg, eg elska han skikkeleg mykje. Det å bli så glad i ein hund er for mange heilt uforståeleg. Men dei er som ungar for meg. I fjor sommer tok eg mål og avtrykk av poten til Brutus og fekk den tatovert på arma mi. I år skal namnet hans tatoverast under poten. Han har sett spor i meg, i mitt hjarte, og vil for alltid følgje meg på alle mine komande turar.
Godt samhald i flokken
Då Brutus døde på bordet, døde ein stor del av meg også. Det å miste ein hund er fælt. Det etterlet eit sår som aldri gror, det blir berre litt mindre vondt med tida. Eg har felt mange tårer for Brutus dei siste dagene. Første sledeturen etter at Brutus døde var fæl. Tårene trilla då eg skulle skryte av hundane i ein tung bakke. Ropte då «flink gutt Brutus» som vanleg, stivna heilt og prøvde å halde tilbake følelsane, men det var nyttelaust. Alle hundane stoppa opp og såg på meg, som om dei forstod kva som skjedde med meg. Dei stod heilt i ro, det kom ikkje ein lyd, og då blei det straks verre for meg bakpå sleden. Eg ankra sleden fast og gjekk og kosa med alle hundane: Raven, Dakota, Aqua, Frost, Kodiak, Kobuk, Timik, Louie, Vitalis, Njunis, Tix og Una. Alle saman var heilt rolige, og lente seg inntil meg for å kose. Det var ein tøff halvtime i skogen, gitt. Men dette viser kor sterkt samhaldet i ein hundeflokk er. Det er ein samansveisa gjeng som står samen i tjukt og tynt, inkludert eigaren. Så det e nok ikkje «berre» ein hund.
Takk
Eg vil gjerne rette ein stor takk til veterinæren Nick og fruen på Stranda, som gjorde alt for å hjelpe Brutus. Kan ikkje få takka han nok, og eg trur at alle dyra i flokken her også sender ein stor takk. Og takk Brutus, for alt det gode du har gitt meg. Takk Brutus, for alt du har lært meg. Takk Brutus, for at du hadde eit så varmt vesen og tok vare på alle rundt deg.
Brutus, store kosebamsen min.. så trist at du ikkje finnes her mer..
du vil alltid være i hjertet mitt, uansett ka som skjer.
Så tomt her uten deg.. ditt goe vesen og din trofasthet.
Som den hunden du va, kunne du snakke til meg.. og stemmen din va alltid gla.
Goe bamsen min.. ingen hund så hærlig som du!
Så gla i kos og klem..
stor men likevel litt liten
Gjemmer minnan vi fikk i sjela mi, der finnes du alltid me meg,
gutten min

Masse kos og tanka fra han "far"
Bare en hund
Dikt av Anne Lise Boge
Jeg stryker over din gylne pels,
men halen din slår ikke mer.
Øynene dine er lukket igjen,
over øyne som ikke ser.
Ditt gylne hjerte har sluttet å slå -
aldri mer løpe, hoppe, gå -
Alt er slutt…. det er over nå
Jeg legger hodet mitt ned mot ditt,
og tårene drypper som blod.
Aldri mer skal det bli som før -
aldri mer ”oss to”.
Som isende kulde inni meg,
kjenner jeg noe dør med deg.
Jeg må reise meg, sier de,
- jeg går mot en dør.
Der ute går livet videre som før.
Jeg snur meg – du ligger så livløs og stille.
Du kan ikke komme, selv om du ville.
Skriket vil ut, men jeg lukker min munn.
Hvem var det som sa ”Bare en hund”…..